Det var tydeleg at sjølivet freista borna frå Klenkarberget Sommarcamp som hadde tatt turen til Røedstranda. Her fekk dei prøve å padle kano og trø av garde i trøbåt. Foto: Tormod Flatebø

Ein strålande dag med båtliv og fiske

I år blir Klenkarberget Sommarcamp arrangert for 14. året på rad. – Det var lenge uklart om det skulle bli sommarcamp i år, men etter god dialog med smittevernlegen i Stad, Thomas Vingen Vedeld, fekk vi det til.