Stad er ein av sju som får tilskot til stadutvikling

Vestland fylkeskommune deler ut totalt 2,2 millionar kroner til stadutvikling, og Stad kommune er ein av sju kommunar som får tilskot.

Stad kommune får 165.000 kroner som skal gå til Eidsgata. Bilde er tatt ein morgon tidlegare i vår.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Totalt sju kommunar i Vestland får tilskot til stadutvikling. Desse er Bergen kommune, Stord kommune, Ullensvang kommune, Alver kommune, Sunnfjord kommune, kvam kommune og Stad kommune. Dette kjem fram i ei pressemelding.