Regjeringa vil stille krav til fleire koronatestar for svenske helsearbeidarar

Regjeringa innfører no krav om at alle svenske legar og sjukepleiarar skal bli testa før dei får lov å jobbe i Noreg.

Regjeringa innfører no krav om at alle svenske legar og sjukepleiarar skal bli testa to gonger før dei får lov å jobbe i Noreg.   Foto: Eirill Wiik/ NTB scanpix/ NPK

Nyhende

– Frå i dag er det ikkje berre eit råd om å teste, men altså eit pålegg om å teste svenske helsearbeidarar, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Inger Klippen (H), til NRK.

Regelendringa kjem i kjølvatnet av at fleire utanlandske tilsette i norsk helsevesen dei siste dagane har fått påvist covid-19. Mellom anna jobba ein svensk lege, med fritak frå karantenekravet, fleire dagar på Nordfjord sjukehus før han fekk påvist smitte.

– Det har tidlegare vore eit råd frå FHI om testing, no set vi det ned som krav at dei skal testast. Dei skal testast to gonger, og fram til ein har svar på den første testen så skal ein vere i karantene. Den neste testen skal takast tidlegast etter 48 timar, seier statssekretæren.