Samferdsleminister Knut Arild Hareide:

─ Vi skal sikre gode tenester for trafikantar i heile landet

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet.

For å sikre eit godt tilbod, særleg til ungdom i distrikta, vidareførast også tilbodet om førarprøve på motorsykkel i Tynset, Kongsvinger, Flekkefjord, Odda, Sogndal Sunndalsøra, Namsos, Sortland og Lakselv. I tillegg blir hallkontroll vidareført i Nordfjoreid, da dette har stor betydning for lokalt næringsliv på staden, seier  samferdslem inister Knut Arild Hareide (KrF).  Foto: Torbjørn Tandberg

Nyhende

─ Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Konklusjonen er at dei fleste av tenestestadene som var foreslått nedlagt likevel held fram, men at det vil skje nokre endringar i tenestetilbodet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.