To seismikkskip i opplag på Kalneset

Dei to seismikkskipa Sanco Sword og Sanco Swift ligg no i opplag på Kalneset på Bryggja.

SEISMIKKSKIP I OPPLAG: Skipa høyrer til reiarlaget Sanco Shipping AS i Gjerdsvika på Sunnmøre.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Opprustinga av Kalneset er godt i gang

Entreprenørselskapet Kvernevik AS med base på Flatraket, overtok i november i fjor festekontrakten som Sibelco AS hadde på eit 90 mål stort område på Bryggja.


Kvernevik AS disponerer i dag fleire hundre meter med djupvasskai, og det har tidlegare vore skip i opplag der i slakke tider for offshorenæringa. I alt har dei kaiplass til seks skip samstundes. Akkurat no har dei leigt ut kaiplass til to seismikkskip; Det er Sanco Sword og Sanco Swift, som begge er eigde av Sanco Shipping AS i Sande kommune. Selskapet har i alt ni seismikkskip i drift, mange av dei i Afrika (Kjelde: www.sanco.no).