Vestkland fylkeskommune

Støttar forslag om utvida periode for permittering utan løn

LO og NHO føreslår at bedrifter skal kunne permittere tilsette utan løn i opptil 52 veker for å unngå oppseiingar. Fylkesordføraren gjev forslaget si fulle støtte.

KORONAKRISE I REISELIVET: I Vestland er reiselivsbransjen råka særleg hardt av koronakrisa, som her i Flåm. Men også andre næringar kjenner på konsekvensane pandemien har for saumfunns- og næringslivet.  Foto: Rolf M. Sørensen

Nyhende

– Vi støttar forslaget frå LO og NHO fullt ut. Dette er noko både bedrifter og arbeidstakarorganisasjonane ønskjer. Alternativet vil vere oppseiingar og konkursar, med dei følgjene det får. Vi ber om at ordninga med utvida permitteringsperiode utan lønsplikt vert forlenga så lenge koronakrisa varer, seier fylkesordførar Jon Askeland til Vestland fylkeskommune si nettside

Forslaget frå LO og NHO er sendt til stortingspolitikarane frå Vestland.

Trepartssamarbeid under krisa

Sidan koronakrisa starta har fylkesordføraren kvar veke hatt møte med LO, NHO og Nav. Hensikta har vore å drøfte blant anna korleis partane i samfunns- og arbeidslivet kan jobbe aktivt for å avgrense konsekvensane og skadane av krisa.

– Vi har jobba for å leggje til rette for korleis vi som samfunn og arbeidsliv kan kome tilbake på bana etter korona. Vestland fylkeskommune er ein aktiv samarbeidspartnar med andre viktige samfunnsaktørar i ein unik krisesituasjon, seier Askeland.

Vil hindre unødige oppseiingar

Det er sett i verk ulike tiltak i samband med koronapandemien, men krisa i næringslivet er framleis alvorleg. I Vestland er særleg reiselivsbransjen utsett, men også andre næringar kjenner på konsekvensane.

LO og NHO meiner at ein forlenga permitteringsperiode vil hindre unødige oppseiingar, som er belastande for både bedrifter og tilsette.

Samtidig er rekrutteringsprosesser når aktiviteten tar seg opp, tilsvarende kostnads- og ressurskrevende. Etter vårt syn er det nødvendig å forlenge permitteringsperioden nå slik at vi unngår denne type unødige og fordyrende prosesser. Vi minner om at permitteringsperioden ble utvidet til 52 uker (49 uker uten lønnsplikt) etter oljeprisfallet i 2016 nettopp på bakgrunn av samme tankegang, skriv dei i forslaget.

Les heile brevet frå LO og NHO her.