Leiar

Logisk brest

Når no Helse Førde seier at dei skal endre rutinane så får vi håpe at det er godt nok, slik at vi slepp liknande saker i framtida.

Helse Førde legg om testerutinane etter at ein svensk vikarlege testa positiv for covid-19. Illustrasjonsfoto.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Norge no opnar opp for at folk frå fleire europeiske land skal få høve til å kome til Norge, og at nordmenn, om dei vel å følgje regjeringa sine reiseråd, kan reise til land i Europa der fargen er grøn, det vil seie land med liten smittespreiing. Sverige står ikkje på lista av land nordmenn kan besøkje, utan å måtte gå i karantene etter besøket, ei heller er det opna for at svenskar kan kome til Norge utan å ha vore dei vedtekne dagane i karantene. Men, og det er alltid eitt men, svenske helsearbeidarar legar og sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, som Norge så sårt treng hjelp frå for å halde hjula på sjukehusa våre i gang, kan fritakast for karantenereglane. Vi meiner at her er det ein logisk brest som både Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet må forklare nærare innhaldet på/av.

Etter pandemiutbrotet og stenginga av landet i mars, vart det sett i verk ei rekkje tiltak for å beskytte dei mest utsette i samfunnet vårt. Eldre, folk i risikogruppa og spesielt eldre på institusjon og på sjukehus. Dei aller fleste i dei utsett gruppene fekk ikkje besøk av nære og kjære på mange veker. Pårørande til folk innlagt på sjukehus vart stoppa av gule stoppskilt i døra. Var du sjuk og hadde behov for legehjelp, måtte du gjennom ein omstendeleg prosess for å kome fram til dit du skulle. Poenget vårt er at folk skulle på besøk, med god avstand og nysprita hender og korrekt kroppstemperatur. Vi skulle ikkje behandle våre nærmaste. Vi understrekar at vi er heilt samde med dei strenge tiltak som vart sett i verk av regjeringa.

Men med dette som bakteppe, og at vi den siste veka har opplevd to tilfelle der svenske helsearbeidarar, ein lege og ein sjukepleiar, har segla stille gjennom alle våre strenge tiltak for å unngå smitte, der resultatet er at 25 personar, 15 pasientar og ti tilsette ved Nordfjord sjukehus anten blir isolerte på sjukehus eller sette i karantene. Seks pasientar og 16 tilsette ved Helgelandssjukehuset lir same skjebne. At avdelingar som vi treng kvar dag blir stengde inntil situasjonen er avklare er svært uheldig. Vi treng ikkje helsepersonell i karantene på grunn av tabbar som det vi no opplever. Direktøren for medisinsk klinikk i Helse Førde seier at korkje den smitta legen eller helseføretaket kan klandrast. Begge har følgt «boka». Vårt siste setning her skule vere at det er «boka» det er noko gale med, og at den må reviderast. Når no Helse Førde seier at dei skal endre rutinane så får vi håpe at det er godt nok, slik at vi slepp liknande forhold i framtida.