Nordfjord sjukehus

Ein tilsett testa positivt

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19. Testane til pasientane som har vore i kontakt med den smitta svenske legen, er så langt negative.

Fredag kom meldinga om at ein svensk vikarlege som jobba ved Nordfjord sjukehus testa poitivt for covid-19. Smittesporing viste at 10 tilsette og 15 pasientar hadde vore i nærkontakt med legen, og vart isolerte eller sette i karantene. No viser det seg at ein sjukepleiar har testa positivt for covid-19.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det melder Helse Førde i ei pressemelding tysdag.

Sist fredag testa ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus positivt på koronaviruset. Testresultata for pasientar og tilsette som har hatt nær kontakt med legen blei klare måndag kveld.

Ein sjukepleiar som jobba saman med den svenske legen på ei vakt, har testa positivt. Sjukepleiaren er i heimeisolasjon. Dei som vart sette i karantene før helga er no testa, bortsett frå ein tilsett.

Etter det sannsynlege smittetidspunktet, vakta då sjukepleiaren og legen arbeidde saman, gjekk sjukepleiaren ytterlegare to vakter på sengeposten. Dette gjer at nokre fleire pasientar som var inneliggande på desse vaktene, må isolerast på einerom og testast.

- Arbeidet med å spore pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt med, starta i går kveld og held fram utover dagen i dag. Det blir også gjort tiltak for å avgrense ytterlegare smittespreiing, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Hele Førde kan ikkje sjå vekk frå at fleire har blitt smitta og komme til å teste positivt seinare.
Nordfjord sjukehus tek inntil vidare ikkje inn pasientar til nye innleggingar på medisinsk sengepost eller overføring av pasientar frå andre sjukehus.

Pasientar frå Nordfjord som treng sjukehusinnlegging vert lagt inn ved Førde sentralsjukehus. Aktiviteten på poliklinikkar, God start-eininga og dialysen er ikkje berørt og går som før. Det same gjeld den kommunale legevakta som er lokalisert til sjukehuset.


Tilsett i Helse Førde har testa positivt på korona

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus testa i går den 26. juni positivt på covid-19. Den tilsette er i heimeisolasjon og arbeidet med smittesporing og vernetiltak er i gang.



Smittekartlegging på Nordfjord sjukehus avslutta

15 pasientar og ti tilsette i karantene

​​Resultatet av smittesporinga er at 25 pasientar og tilsette har hatt nær kontakt med legen. Tiltaka for desse er karantene og testing. Resultat av testar kjem måndag og tysdag.



Svensk helsepersonell på norske sjukehus smitta av korona

Lege fekk karantenefritak

Ein svensk vikarlege på Nordfjord sjukehus har testa positivt for covid-19. Legen fekk fritak frå karantene. I Nordland er ein svensk sjukepleiar smitta.



Bruun-Gundersen om koronasmitta svensk helsepersonell:

– Uakseptabelt

Helsepolitisk talsperson i Frp, Åshild Bruun-Gundersen, reagerer sterkt på at svensk helsepersonell på to norske sjukehus er smitta av korona.



Helse Førde endrar testrutinane for utanlandske vikarar

Laurdag opplyste Nordfjord sjukehus at ein svensk vikarlege hadde gått på jobb med koronasmitte. No skal alle vikarar testast ved oppstart.



Leiar

Logisk brest

Når no Helse Førde seier at dei skal endre rutinane så får vi håpe at det er godt nok, slik at vi slepp liknande saker i framtida.