Bent Høie (H), helse- og omsorgsminister:

– Det handlar om modellar for framtida

Sentralt for besøket helse- og omsorgsminister Bent Høie hadde i Førde og på Nordfjordeid fredag, var korleis har koronapandemien påverka helse- og omsorgstenestene i kommunane?

Ønskt velkomen: Fredag i førre veke besøkte helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) Eid legekontor. Det statsråden var spesielt opptatt av var erfaringane kommunen har hatt i koronatida, og erfaringane med primærhelseteam og medisinsk avstandsoppfølging, der Stad kommune er ein av pilotkommunane. Frå venstre: Linda Gotteberg, leiar helse, Nils Anders Sørland, sjukepleiar, Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege, Barbro Longva, kommunalsjef Helse og omsorg, Harald Sivertsen kommunalsjef oppvekst og opplæring og fungerande kommunedirektør, Bent Høie (H), helse- og omsorgsminister. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Under besøket på sentralsjukehuset i Førde fekk Høie ei innføring i korleis sjukehuset førebudde og handsama koronasituasjonen både i mottaket, på intensiven og på avdelinga.