Inviro AS byggjer:

Stein for stein

– Vi hadde stort utbytte av denne turen. Vi fekk godt innblikk i kva vi skal ha, og kanskje like viktig, kva vi ikkje skal bruke særleg mykje energi på.

INVIRO: Ove Bjørlo, avtroppande rektor ved Eid vidaregåande skule, og Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro AS, var godt nøgde med turen dei hadde til miljøet i Ålesund saman med prosjektgruppa som er oppretta og som skal jobbe med oppbygging av ein lab. på Nordfjordeid. 

Nyhende

Det seier Ove Bjørlo, rektor ved Eid vidaregåande skule og medlem av prosjektgruppa INVIRO AS har oppretta, og Øystein Nes, dagleg leiar i INVIRO. Bakgrunnen for uttalen er eit besøk som prosjektgruppa, som i tillegg til dei to nemnde består av Tore Hjelle, Ove Lillestøl og Einar Løken, som også er styreleiar i Inviro, hadde i Ålesund kunnskapspark i førre veke.