Ungdomskveld på Hamna

Sosial og aktiv kveld i buldreveggen

Fredag vart det arrangert gratis aktivitetskveld for ungdom frå 13 til 19 år på Hamna Aktivitet og Helse. Dette er truleg den første av mange ungdomskveldar.

MANGE I VEGGEN: Fredag vart det arrangert ungdomskveld for første gong i regi av Stad kommune. Ungdommane fekk prøve seg i buldreveggen på Hamna Aktivitet og Helse.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Dette vert spennande, for no tar vi og gjere ein ny vri der vi prøvar å aktivisere ungdommen på ein litt annan måte enn det som har blitt gjort tidlegare. Vi tar open hall eit skritt opp med aktivitetar vi ikkje har hatt før, seier Arild Vonheim, i Stad kommune.