Vil skape arena for å styrke nynorsken

Nettverket Nynorskfylket Vestland inviterer næringsliv, offentlege aktørar, lag og organisasjonar til å bli med og styrke nynorsken både i fylket og nasjonalt.

Nettverket Nynorskfylket er utvida til å gjelde heile Vestland og inviterer inn ei rekke nye aktørar, frå det offentlege, næringslivet, sivilsamfunnet og kulturlivet. (Illustrasjon: Sparebanken Sogn og Fjordane) 

Nyhende

Fylkestingsrepresentant Alexander Fosse Andersen leiar nettverket, som hadde oppstartsmøte 23. juni. Han ønskjer å skape ein arena for deling, inspirasjon, fagleg påfyll og språkpolitiske diskusjonar knytt til nynorsk.

– Naturleg initiativ

– Vestland er kjerneområdet for nynorsk. Difor er det naturleg at Vestland fylkeskommune tek initiativ til eit nettverk som fremjar eit levande og aktivt nynorsk skriftspråk, og eg er glad for at vi no har etablert dette. Oppmøtet og innspela på dette første møtet syner at det er stor interesse både blant offentlege aktørar, i næringslivet, sivilsamfunnet og kulturlivet, seier Fosse Andersen.

Fylkestinget vedtok i vår å utvide nettverket Nynorskfylket, som fanst i Sogn og Fjordane, til å gjelde heile Vestland under namnet Nynorskfylket Vestland. På det første møtet deltok mellom anna Lotteri- og stiftelsestilsynet, Universitetet i Bergen, Bergen internasjonale litteraturfestival og Sparebanken Sogn og Fjordane, saman med meir enn ti andre verksemder.

Dei som vil, kan bli med

Fylkesutvalet skal vedta mandat for nettverket til hausten, og dette stod såleis på dagsorden på det første møtet. Deltakarane på møtet var opptekne av at nettverket bør vere ein arena for å løfte nynorsk nasjonalt. Det private næringslivet vart løfta fram som svært aktuelle deltakarar, med tanke på bruken av nynorsk som merkevare.

– Eg ønskjer at Nynorskfylket Vestland skal vere eit inkluderande nettverk. Alle som ønskjer det, kan vere med. Det er viktig å vise fram nynorsk som fullgodt språk innan alt frå offentleg forvaltning og kulturliv til det private næringslivet. Eg gler meg til det vidare samarbeidet, og håpar fleire aktørar sluttar seg til Nynorskfylket Vestland, seier Fosse Andersen.

Det går ut invitasjon til aktuelle deltakarar over sommaren.

Nynorskkonferanse neste vår

Det tidlegare nettverket Nynorskfylket arrangerte språk-/nynorskkonferansar både i 2014 og i 2018. På møtet 23. juni lista deltakarane opp ei rekke moglege tema for ein ny konferanse våren 2021.

Aktuelle tema som kom opp er digital kultur og digitalt språk, målbyte i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande, domenetap og tap av språk til engelsk.

Nynorskfylket Vestland er også invitert til å vere medarrangør av Bergenskonferansen i regi av Hordaland Mållag og språkkonferansen Landssamanslutninga av nynorskkommunar skal ha i juni neste år.