Olaug Bollestad (Krf) ser framover:

No blir det kamp for dei arbeidsledige

KrF-nestleiar Olaug Bollestad lovar fullt trykk i regjering for å få folk tilbake i jobb. Bønn og arbeid går hand i hand, påpeikar ho.

– Det er jo sant, vi har tapt nokre viktige saker. Men engasjementet mitt i politikken er mykje breiare enn enkeltsaker, seier Bollestad. Her kosar ho seg med ein is i Slottsparken i Oslo.   Foto: Foto: Annika Byrde / NTB scanpix

Nyhende

Bollestad, som for tida er fungerande partileiar, har invitert til intervju på graset i Slottsparken for å oppsummere KrFs siste halvår.