Svensk helsepersonell på norske sjukehus smitta av korona

Lege fekk karantenefritak

Ein svensk vikarlege på Nordfjord sjukehus har testa positivt for covid-19. Legen fekk fritak frå karantene. I Nordland er ein svensk sjukepleiar smitta.

Nordjford sjukehus.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Tilsett i Helse Førde har testa positivt på korona

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus testa i går den 26. juni positivt på covid-19. Den tilsette er i heimeisolasjon og arbeidet med smittesporing og vernetiltak er i gang.


Legen kom til Noreg tidleg denne veka og var på jobb ved medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus i tysdag og onsdag. Torsdag fekk legen milde symptom, og fredag kom prøvesvaret som viste at legen har viruset.