Jaktar nye læreplassar

I juni starta ein landsomfattande Læreplassjeger-kampanje, i regi av WorldSkills Norway i samarbeid med organisasjonar og fylkeskommunane.
Nyhende

Då starta læreplassjegerar over heile landet jobben med å rekruttere fleire lærebedrifter og læreplassar. Pro Vestland Opplæringskontor starta sin aksjon 10. juni.

Totalt har 21.000 ungdommar søkt seg til ein læreplass i år. Læreplassjeger-kampanjen har som målsetting å sikre desse ungdommane ein læreplass. Kampanjen blir støtta av regjeringa og partane i arbeidslivet.

– Vi i Pro Vestland Opplæringskontor er ein av læreplassjegerane som vil jakte læreplassar i gjennom sommaren og ei stund ut på hausten, seier Jorunn Kirketeig, dagleg leiar på Pro Opplæringskontor.

Vi treng fleire læreplassjegerar

– Vi oppmodar alle fagforbund, bransjeorganisasjonar, opplæringskontor og skular til å bli læreplassjegerar. Det vil seie at dei bidreg til at bedrifter og verksemder blir oppsøkt og oppmoda til å bli lærebedrifter og til å ta inn lærlingar, seier Elisabeth Lange, sekretariatsleiar i WorldSkills Norway, som leiar kampanjen.

WorldSkills Norway vil i sommar sende ut fleire tusen brev til potensielle lærebedrifter basert på lister som er utarbeida i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Bedrifter som er interessert i å bli lærebedrift kan sjølv melde dette inn på www.læreplassjeger.no. Dei vil og bli kontakta av læreplassjegerane i dei respektive fylka.

OM KAMPANJEN

• Ei landsomfattande kampanje, som har til hensikt å støtte opp under fylkeskommunanes arbeid med å rekruttere fleire lærebedrifter og læreplassar

• I tillegg til fylkeskommunane, er alle kommunar, fagforbund, bransjeorganisasjonar, opplæringskontor og skular også invitert til å bli læreplassjegerar

• Tusenvis av lærebedrifter over heile landet vil få tilsendt rekrutteringsbrosjyre, og bli kontakta av læreplassjegerar

• 95% av bedrifter som har hatt lærling hos seg har opplevd at dette er ein god måte å rekruttere nye medarbeidarar på

• Potensielle lærebedrifter kan sjølv registrere interesse på: www.læreplassjeger.no