Helse Førde endrar testrutinane for utanlandske vikarar

Laurdag opplyste Nordfjord sjukehus at ein svensk vikarlege hadde gått på jobb med koronasmitte. No skal alle vikarar testast ved oppstart.

Helse Førde endrar rutinane for testing av utanlandske vikarar for covid-19. Årsaka er at FHI no tilrår testing ved oppstart og etter to dagar, seier direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Rutineendringa kjem som følgje av endringar i Folkehelseinstituttets råd tidlegare denne veka, skriv Firda.