Bruun-Gundersen om koronasmitta svensk helsepersonell:

– Uakseptabelt

Helsepolitisk talsperson i Frp, Åshild Bruun-Gundersen, reagerer sterkt på at svensk helsepersonell på to norske sjukehus er smitta av korona.

Eg kan ikkje forstå at det ikkje blir stilt eit krav om at helsepersonell som kjem frå Sverige må testast før dei får lov å komme inn til Noreg, seier Åshild Bruun-Gundersen, helsepolitisk talsperson i Fremskrittspartiet.  Foto: Peter Mydske, Stortinget

Nyhende

– Det er jo heilt uakseptabelt at personar frå høgrisikoland som Sverige, kjem til Noreg med covid-19, jobbar i norsk helsevesen og utset innbyggjarane og pasientane våre for fare, seier Frps helsepolitiske talsperson Åshild Bruun-Gundersen til NRK Dagsnytt.