Måløy

Slåsting og fyllekøyring

Ein mann i 40-åra vart i går kveld pågripe av Politiet etter at han skal ha slått til ein annan person. Politiet mistenkjer same person for å ha køyrt fylla.

Illustrasjonsfoto.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Politiet fekk melding om hendinga, so fann stad i Måløy leike etter klokka 21 fredag kveld. Ut frå det Politiet melder på sin twitter-konto, at andre personar på staden skulle ha fått kontroll på mannen, inntil Politiet sjølv overtok. På veg til legevakta på Nordfjordeid skal den skadde personen ha opplyste til politiet at han hadde smerter i ryggen og ein arm.

Politiet opplyser vidare at den mannen som er mistenkt for å ha slått, også er mistenkt for å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand, og at det vil bli tatt blodprøve av vedkomande.

Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til hendinga.