Over 1,4 millionar i gåver til Nordfjord:

Pengegåver og Malakoff på ein litt annleis måte

Det året Malakoff måtte avlyse, kom dei opp med ideen om ein festivalturnè i Nordfjord og Sogn. Det prosjektet likte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane så godt at dei gav 350 000 kroner i gåve til gjennomføringa. 

– Vi syns det er veldig kjekt at Malakoff vel å ha eit slikt gratisarrangement og skaper festivalstemning for publikum. Samfunnet treng litt kulturelt påfyll no etter at våren blei så nedstengt, seier banksjef i Nordfjord Odd Kjetil Tonning. til venstre Ann-Serine Hagen.  

Nyhende

– Vi måtte tenke nytt innanfor dei smittevernsreglane som er gjeldande. I år kan ikkje publikum kome til oss, derfor bestemte vi oss for å ta festivalmusikken ut til folket, og gi ein smakebit av Malakoff på dei plassane folk bur i vårt nærområde, forklarer festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Strålande nøgd: Arnt-Ivar Naustdal, festivalsjef for Malakoff Rockfestival, sa seg svært nøgd med konsertane som festivalen hadde hatt, så langt. Sjølv om festivalen i år er avlyst, er det viktig at vi kan gi noko tilbake til vårt trufaste publikum, sa han etter den magiske konserten på Vestkapp.   Foto: Tormod Flatebø

For første gang sidan oppstarten i 2003, måtte festivalen avlyse i år. Vanlegvis ville dei samla 30 000 besøkande på Nordfjordeid i juli. I år blir det i staden Malakoff Live Laga der dei skal innom ni ulike stader, med 200 publikumarar på kvar plass. Totalt får altså 1800 heldige publikumarar med seg ein liten smakebit av Malakoff i år, heilt gratis.

Nyinnkjøpt hengarscene gir musikk til folket

– Vi har kjøpt inn ei hengarscene som vi riggar opp og ned på kvar plass, før vi køyrer vidare til neste konsert. Det er ein del jobb og planlegging, men det var viktig for oss å gi publikum litt festival også i år, når så mykje har blitt avlyst. Og vi har fått SÅ mange positive tilbakemeldingar!, seier ein travel, men smilande festivalsjef.

Malakoff Live Laga hadde generalprøve på onsdag, og held på til søndag med to konsertar kvar dag.

Ei annleis gåverunde

– Vi syns det er veldig kjekt at Malakoff vel å ha eit slikt gratisarrangement og skaper festivalstemning for publikum. Samfunnet treng litt kulturelt påfyll no etter at våren blei så nedstengt, seier banksjef i Nordfjord Odd Kjetil Tonning.

– Dette har vore ei spesiell gåverunde, der eigarstiftinga vår valte å opne opp for ein ekstra søknadsrunde for å hjelpe lag og organisasjonar som mista inntekter på grunn av avlyste arrangement. I tillegg ser vi at mange snur seg rundt og klarer å tenke nytt, slik som Malakoff, og det er veldig gledeleg, seier Tonning.

– No gler vi oss til å vere med på turneen som generalsponsor for Malakoff, og har med mange kjekke premiar i bagasjen, smiler Tonning.

Gåva på 350 000 kroner er uavhengig av sponsoravtalen, og er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Totalt blir det delt ut over 1,4 millionar kroner i gåver til ulike lag og organisasjonar i Nordfjord. Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som blir forvalta av hovudeigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Her er vårens gåvemottakarar i Nordfjord (så langt i år):


GLOPPEN KLATREKLUBB

Etablering av klatrefelt

30 000 kr

EID RØDE KORS

Beredskapstelt

30 000 kr

VIKANE RØDE KORS

Beredskapsbåt

75 000 kr

EID IDRETTSPARK

Flombelysning

100 000 kr

OLDEN IDRETTSLAG

Innreiing av treningsrom

100 000 kr

STRYN MUSIKKLAG

Premieskåp

10 000 kr

EID MUSIKKLAG

Inntektsbortfall pga korona

10 000 kr

HORNINDAL IDRETTSLAG

Robot-gressklipper

50 000 kr

HOLE GRENDAHUS

Oppgradere leikestativ

25 000 kr

HAUGEN SKULEMUSIKK 2018

Re-starte Haugen skulemusikk

10 000 kr

STRYN E-SPORT

Etablering/ istandsetting av lokale

30 000 kr

ÅSEN VEL

Leikeapparat

10 000 kr

STRYN FRIVILLEGSSENTRAL

Møteplass m/leksehjelp for invandrarbefolkinga

10 000 kr

HORNINDAL SANITETSLAG

Felles måltid for eldre heimebuande

10 000 kr

SANDANE TURN OG IDRETTSLAG

Inntektsbortfall pga korona (turngruppa)

50 000 kr

BREIMSBYGDA SKISENTER AS

Inntektsbortfall pga korona

50 000 kr

HJELLE SKULEMUSIKK

Ny uniformer/inntektsbortfall pga korona

10 000 kr

FJELLHUG/VEREIDE IL

Oppgradere sandvolleyballbane

30 000 kr

VEREIDE UTVIKLINGSLAG

Tursti

100 000 kr

MARKANE IDRETTSLAG

Nye sjølvanvisarar på skiskyttarstadion

150 000 kr

GAMLE INNVIK ULLVAREFABRIKK

Kulturscene og musikal

50 000 kr

SUDSTRANDA GRENDALAG

Sanitærbygg

60 000 kr

REED UTVIKLINGSLAG

Rekreasjonsområde

55 000 kr

Hornindal IL fotballgruppa

Innkjøp av 3ar-bane

20 000 kr

MALAKOFF ROCKFESTIVAL

Malakoff LIVE LAGA og ungdomskonsept på Gymmen

350 000 kr

SKÅLASTILAGET

Bli autorisert som nasjonal turiststi

60 000 kr

TOTALT


1 485 000 kr