Har skrive bok om løynde turperler

Bomvegar til nye eventyr

Vil du oppdage løynde turperler i sommar? Då kan du kanskje starte med boka Bomtur av Rebecca Nedregotten Strand.

På tur gjennom Sunnylvs-Moldskreddalen kan du få heile Vestlandet innpakka i ein dal. Turen startar rett før nedstigning på vegen til Hellesylt, mot venstre opp gjennom eit byggjefelt først. Dette er også framsida på boka Bomtur til Rebecca Nedregotten Strand, som nyleg kom ut på Skald forlag.   Foto: Skald forlag Leikanger

Nyhende

Rebecca Nedregotten Strand frå Ulsteinvik har skrive ei bok om 34 bomvegar i Sør-Norge. Då snakkar vi ikkje om moderne bomvegar på trafikerte vegar som har dukka opp dei siste åra. Her handlar det om meir smale grusvegar som fører fram til naturperler du ikkje visste kunne finnast. Og det ikkje så langt frå di eiga stove- dør.