Koronasmitte påvist ved Nordfjord sjukehus

─ Ingen nye pasientar blir lagt inn ved Nordfjord sjukehus

─ Det vil ikkje bli lagt inn pasientar på Nordfjord sjukehus, så lenge vi ikkje veit at sjukehuset er fritt for smitte, seier Trine Hunskår Vingsnes, direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde.

- Gjennom kartlegginga  som vi no er i full gang med, skal vi avdekke heile kontaktflata til den aktuelle legen. Dette gjeld både pasientar som endå ligg på sjukehuset og pasientar som er utskrivne. I tillegg kartlegg vi også kollegar som har vore i kontakt med legen, seier direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Som tidlegare meldt har ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus testa positivt på covid-19.