Distriktskommunar tek på seg stor lånegjeld per innbyggjar i høve til meir folkerike kommunar

Tek opp lån for å halde tritt med byane

I 2004 hadde Eid kommune ei lånegjeld på 26.667 kroner per innbyggjar. I 2019 var denne auka opp til 132. 434 kroner per innbyggjar. Nær ei femdobling på femten år.

I kampen for å auke talet på innbyggjarar og å få ungdomen heim må disktriktskommunar ha attraktive tilbod, men dette kostar også pengar. Grafen viser at Eid kommune har femdobla gjelda si per innbyggjar frå 2004 til 2019, før samanslåing med Selje. I 2004 hadde Eid kommune ei lånegjeld på 26.852 kr per innbyggjar, auka opp til 132. 434 kr i 2019. (Grafen startar i 2004, og ikkje på null året før) Tal henta frå SSB  

Nyhende

Og tidlegare Eid kommune var ikkje åleine om å ta opp stadig meir lån. Ser ein på tal frå SSB lånegjeld per innbyggjar,hadde 44 kommunar i Norge høgre lånegjeld enn Eid kommune i 2019. Dei fleste av desse med høg lånegjeld er distrikstkommunar i Norge. Der både Nord-Norge og Sogn og Fjordane ligg høgt oppe per innbyggjar.