Uttale frå Kystrådet

Startløyving til Stad skipstunnel må kome på Statsbudsjettet 2021

Stad skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport i Nasjonal Transportplan. No har folket på kysten venta lenge nok. Vi finn oss ikkje i å bli «leika med» av embetsverk og politikarar som ser på sjøtransport som lågare prioritert enn transport på veg og bane.

Kystrådet består av kommunane langs kysten av Sogn og Fjordane: Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn, Bremanger og Stad.. Frå venstre: Kjetil Felde (Fjaler kommune), Alfred Bjørlo (Stad kommune), Anne Kristin Førde (Bremanger kommune), Ole André Klausen (Askvoll kommune), Ola Teigen (Kinn kommune), Odd Harald Eide (varaordførar Gulen kommune) og leiar av Kystrådet Gunn Åmdal Mongstad (Solund kommune).  Foto: Kystråde

Nyhende

Kystrådet reagerer sterkt på nyhenda om at Samferdsledepartementet etter å ha latt Kystverket sin oppdaterte rapport om Stad skipstunnel ligge i ro i eitt år, no rett før den fristen Stortinget har sett for byggestart (Statsbudsjettet for 2021), sender rapporten ut til ei ny ekstern KS2-kvalitetssikring.

Dette er i strid med klare signal både frå førre Samferdsleminister Jon Georg Dale og noverande Knut Arild Hareide, som seinast i april 2020 opplyste i møte med prosjektgruppa for Stad skipstunnel at departementet no hadde den dokumentasjonen som var nødvendig, og at det ikkje var nødvendig med fleire utgreiingar enn dei over 20 som allereie ligg på bordet.

Kystverket har dokumentert at Stad skipstunnel kan byggast innanfor kostnadsramma i NTP, prosjektet er prioritert i inneverande handlingsperiode av NTP og Stortinget har med brei politisk støtte vedteke at byggestart skal skje seinast i 2021. Prosjektet har brei støtte i politikk og nærings-liv langs heile kysten, og både Vestland og Møre og Romsdal fylke føreset i sine innspel til ny NTP at Stad skipstunnel blir starta opp som Stortinget har vedteke i 2021.

Kystrådet føreset at Regjeringa legg inn oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021, og at Stortinget tek ansvar for å få løyving på plass dersom Regjeringa vel å bryte stortingsvedtaket i NTP om oppstart for Stad skipstunnel seinast i 2021.

Stad skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport i Nasjonal Transportplan. No har folket på kysten venta lenge nok. Vi finn oss ikkje i å bli «leika med» av embetsverk og politikarar som ser på sjøtransport som lågare prioritert enn transport på veg og bane.

Om Kystrådet

Kystrådet består av kommunane langs kysten av Sogn og Fjordane: Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn, Bremanger og Stad. Ordførarane møter i rådet. Rådet blei oppretta i 2019.