Redningsvestar og 100.000 kroner til lysanlegg

I samband med Malakoff Rockfestival sine flotte arrangement rundt omkring i Nordfjord dryp det også på «klokkaren».

- Det kjem kveldar som er mørkare enn i dag, og då kjem denne gåva, som skal nyttast til å skifte ut dagens lysanlegg i Eid Idrettspark, godt med, sa Ståle Sandal og Oddvar Os.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Sparebanken Sogn og Fjordane, som er hovudsponsor for Malakoff Rockfestival, er «nisse på lasset» når den vesle scena oppsøkjer nye stader, og hovudsponsoren kjem ikkje tomhendt. I tillegg til at Sparebanken Sogn og Fjordane skal dele ut 1000 redningsvestar i løpet av sommaren, vankar det også pengar frå banken sitt overskot.