Kronikk

Kva kan vi skape saman?

Kronikk

Dialog: No vil vi gjerne ha dine synspunkt! Korleis kan Stad kommune utvikle tenestene, legge til rette for samfunnsutvikling og løyse oppgåvene best? Kva er det som gjer Stad til ein god stad å bu per i dag – kva må vi ta vare på?, spør ordførar Alfred Bjørlo (V) og varaordførar Siri Sandvik (Ap), som denne sommaren vil besøke dei aller fleste små og store bygder i Stad. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyhende

Alfred Bjørlo, ordførar Siri Sandvik, varaordførar

Å setje seg eit så ambisiøst mål, er sjølvsagt å stille seg lagleg til for hogg. Eit samfunn er ikkje, og vil aldri bli, perfekt. Men som eit mål å strekkje seg etter, trur vi det kan fungere – og ikkje minst opne for gode diskusjonar. I sommar inviterer vi deg med på vegen!

Samfunnsplanen (Samfunnsdelen av Kommuneplanen) er eit viktig dokument, fordi han ligg «på toppen» av alle andre planar og vedtak. Samfunnsplanen skal vise retninga for utviklinga vidare, slik at alle ressursane i lokalsamfunnet er kjent med kvarandre og kan bli mobilisert til felles innsats. Alle andre planar, inkludert planar for arealbruk, vil springe ut av samfunnsplanen.

Utviklinga av Nordfjordeid som tettstad dei siste 10–15 åra, til dømes, spring ikkje ut av «tilfeldige vedtak», men ut frå nettopp ein slik overordna plan Eid kommune fastsette mange år tilbake i tid.

Utkastet til ny samfunnsplan som Formannskapet i Stad no sender ut på ei brei høyring, byggjer på det omfattande arbeidet som vart gjort med å førebu nye Stad kommune i 2017–19. Her vart det lagt stor vekt på å hente inn synspunkt og innspel frå alle dei ni skulekrinsane i kommunen, frå lag og organisasjonar, næringsliv og andre. Mykje i planen er difor godt forankra allereie. Men det er fyrst no vi er «ute av startgropa» og skal vedta ein formell plan for kva nye Stad kommune skal bli og vere.

Samfunnsmålet planen byggjer på, er at Stad skal vere eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Berekraftsmåla til FN ligg til grunn for planen. Du finn også framlegg til ein overordna arealstrategi som syner kva rolle ulike stader og område skal ha i Stad kommune.

Vi ser for tida ei gledeleg utvikling med mange nysatsingar, tilflytting, stor byggjeaktivitet og optimisme både i Eid, Bryggja og Selje/Stadlandet. Det er eit ypparleg utgangspunkt.

Men vekst og utvikling kjem ikkje av seg sjølv. Alle nasjonale og internasjonale prognosar seier at i åra framover er det byane som vil vekse, og distrikta som blir tappa for folk.

Slik vil vi ikkje ha det i Stad. Vi vil vere ein stad folk ynskjer å bu i framtida. Då må vi klare å vere både jordnære og visjonære på same tid. Det må vere asfalt på vegane og flinke folk i omsorgstenestene. Men vi må også endre oss for framtida. Ha energi og kraft til å vere ein stad som er endå betre for oss som bur her i dag og attraktiv for nye. Til å vere eit fullgodt, men annleis, alternativ til eit liv i og rundt dei store byane. Med mangfald, rom for å vere seg sjølv, med vilje til omstilling til eit samfunn utan klimautslepp og med framtidsretta bedrifter og arbeidsplassar både i eigen kommune og i regionen rundt oss.

Då kan vi ikkje berre «putle på». Vi må forstå verda rundt oss, vite kva vi vil og korleis vi kjem dit. Planen er frimodig nok til å blinke ut at Stad kommune skal ta ein nasjonal posisjon som «distriktspioner» – for å syne at vi ynskjer å vise veg for vekst og utvikling i distrikts-Noreg. Nyhenda om det fyrste «Statens Hus i distrikts-Noreg» i Stad er eit døme på kva det å ta ein slik posisjon kan bety i praksis – det neste steget trur og håpar vi er Stad Skipstunnel.

No vil vi gjerne ha dine synspunkt! Korleis kan Stad kommune utvikle tenestene, legge til rette for samfunnsutvikling og løyse oppgåvene best? Kva er det som gjer Stad til ein god stad å bu per i dag – kva må vi ta vare på? Kva bør vi arbeide for å endre dei neste 10–12 åra for å gjere Stad meir attraktiv som ein stad å bu? Kva tenkjer du er det viktigaste du kan bidra med for å gjere Stad til «verdas beste vesle stad»?

Desse og andre spørsmål vil vi gjerne ha dine synspunkt på. Du finn meir informasjon om planen på Stad kommune sine nettsider. I sommar vil dessutan vi som ordførar og varaordførar vere «ute på vegen» og besøke dei aller fleste små og store bygder i Stad for å høyre di meining. Vi vil sende ut eigne utfordringar til lag, organisasjonar og bedrifter – og mot slutten av sommaren (11.-12. august) skal vi ha fire større møte om Samfunnsplanen på Nordfjordeid, Bryggja, Selje og Leikanger på Stadlandet.

No har du sjansen til å vere med og forme nye Stad. Velkomen til å vere med og lage «verdas beste vesle stad»!