Leiar

Høgre må på banen

Om ikkje denne saka skal leve vidare med komikkens skjær over seg, så må Høgre seie klart og tydleg korleis partiet vil prioritere.

Folk krev eit klart svar på kor Høgre står når det gjeld Stad skipstunnel. Blletet er frå eit besøk partileiaren hadde på Nordfjordeid i 2019.   Foto: Tormod Flatebø

Høgre må utfordrast, og seie klart ifrå korleis partiet stiller seg til Stad Skipstunnel

Nyhende

Samferdsleminister Knut Arild Hareide seier i eit svar til stortingsrepresentant Ruth Grung (Ap) at oppdateringa av kvalitetssikringa frå 2018 ikkje ei er ny utgreiing. Det kan gjerne samferdsleministeren seie, men uansett kva som vert sagt så er det ei ny uthaling av prosjektet som har vore gjennom eit par titals utgreiingar. Hadde det same skjedd med ein vegstubb gjennom Oslo, til fleire gonger prisen på det Stad Skipstunnel vil koste, så hadde både Hareide og eventuelt andre statsrådar fått skikkeleg nedetter ryggen.

Statsråd Hareide viser i svaret sitt til Grung at den siste utgreiinga, altså Kystverkets forslag til kostnadsreduserande tiltak, medfører såpass store endringar i prosjektet at det er viktig å gjere ei oppdatering av kvalitetssikringsrapporten innanfor rammene av det gjeldande regimet for ordninga. Det gjeldande regimet i denne samanheng kan ikkje vere noko anna enn kroner og øre. Hareide sin forgjengar Jon Georg Dale (Frp) hadde hausten 2019 eit pressetreff på kvilestova på Åheim der han gav rimeleg klart uttrykk for at Kystverket sine forlag til kostnadsreduserande tiltak, som dåverande samferdsleminister Dale nyleg hadde fått overlevert, var gode og at det ikkje ville bli lenge ei endeleg sak kunne leggast fram for Stortinget. Spørsmålet må bli; Kva var det Statsråd Dale hadde oversett, som statsråd Hareide plutseleg har oppdaga.

Vi er ikkje i tvil om at det er statsministerpartiet Høgre som har foten godt planta på bremsepedalen i denne saka. Det har Høgre hatt dei siste sju åra, og difor har det ikkje vore andre løysingar enn å halde dei som jobbar for skipstunnelen med tomme lovnader og godt prat. I løpet av dei siste månadane har det kome krav frå mange kantar, kommunar, fylkeskommunar, næringsliv og organisasjonar om at ei startløyving til skipstunnelen må kome i neste års statsbudsjett. Om ikkje denne saka skal leve vidare med komikkens skjær over seg, så må Høgre seie klart og tydleg korleis partiet vil prioritere.