Køyrde i autovernet Lid

Beslagla førarkortet etter trafikkulukke

Ein bilførar fekk beslaglagt førarkortet etter å ha køyrt i autovernet på riksveg 15. ved Lid.

Illustrasjonsfoto  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Naudetatane fekk melding i dag, fredag 26. juni klokka 10.35 om at ein større varebil med tre personar i bilen køyrdet i autovernet ved Lid på riksveg 15. Politiet melder at alle personane som var involverte i ulukka var ved medvit, men at ein av personane hadde fått ein del slagskadar og skrubbsår. Bilen sperra begge køyrefelt og det vart lange køar på begge sider av ulukkesstaden.

Skadsestadsleiar frå Politiet opplyser til Fjordabladet at dei tre i bilen var to brør, pluss sonen til ein av dei. Dei tre hadde truleg vore på fisketur, og vore oppe heile natta. Politiet mistenkjer at føraren av bilen sovna bak rattet, og at var årsak til ulykka.

Politiet opplyser at det vart tatt alkotest av begge dei vaksne i bilen. Testen viste 0.0 promille. Dei tre personane i bilen vart køyrd til legevakta for sjekk.

- Det skal leggast til at dei har vore heldige. Skadane kunne blitt langt større, og det er flaks at andre bilar ikkje vart involvert i ulukka, seier skadestadsleiaren som oppmodar folk om å vere forsiktige i trafikken.

Politiet melder at førar av bilen fekk førarkortet midlertidig beslaglagt og at forholdet vil bli meldt.