Villcamping i surfeparadiset Hoddevik

– Det verste er mannskiten

No vil ein ha villcampingen til livs i Hoddevik og Ervik på Stadlandet.

CAMPING PÅ STRANDA: Når campingplassen er full, så tyr camparane til å sette opp telt på sjølve sanden i Hoddevik. No har dette blitt eit stort problem. Det spesielle kulturlandskapet ber preg av slitasje og avføring frå menneske renn rett i havet, og kan føre til sjukdom for dei som badar her.   Foto: ILL.FOTO: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det er eigentleg eit nytt problem, for det har ikkje vore så ille før som i år.

Nyhende

Bygdefolket og grunneigarane har sett seg lei på villcampingen på eller rett ved dei idylliske sandstrendene.