Toppkarakterar ved Eid vidaregåande skule

Ti av 30 med fem eller betre i snitt

– I år har vi eit kull avgangselevar som har gått ut av vidaregåande skule med veldig gode karakterar.

Tre x Ingeborg: Ingeborg Vik Yri, Ingeborg Myklebust og Ingeborg Nord Holmgren gjekk ut av Eid vidaregåande skule med 5,5 eller høgare i karaktersnitt. Ingen av jentene er heilt sikre på kva dei skap ende opp som, men slik det ser ut no, så vil ei studere noko innan media, ei vil kanskje studere medisin i Oslo og ei har bestemt seg for å bli Norges neste store skodespelarinne. Alle foto: Tormod Flatebø   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Ove Bjørlo, rektor ved Eid vidaregåande skule (Eid Vgs.), som legg til at av 30 elevar som i år fekk sine vitnemål etter tre år på studiespesialiserande, så hadde ti av dei eit snitt på fem og over.