POSITIVT INNTRYKK: Ulf Rugumayo Amundsen fått eit godt inntrykk av Nordfjordeid og gler seg til å flytte til hit. Her i åker med luftløk på Vie. Ulf fortel at luftløken truleg kom frå Egypt til Mandal tidleg på 1900-talet. Stilken blir brukt som grasløk og luftløken vert brukt som krydder i salatar og liknande. Foto: Marit Bendz

Luftar idé om andelslandbruk

Ulf Rugumayo Amundsen er gartnar og dagleg leiar for Vie andelslandbruk i Førde. I august flyttar han til Nordfjordeid, der kona Nyonga allereie har starta i jobben som einingsleiar for opplæring og integrering i Stad kommune. No luftar Ulf ideen om det kan vere interesse for å etablere andelslandbruk eller marknadshage på Nordfjordeid.