Får 104 + 45 ekstra løyve

Heggjabygda og Leivdalen hjortevald får skyte 220 dyr og Sagtennene hjortevald 159 dyr under jakta 2020.
Nyhende

– Bestanden bør reduserast, ja, kanskje halverast

Behov for å redusere hjortestammen

– Auken er ganske heftig. Det blir kjempespennande å sjå om dei klarar å ta ut så mykje hjort. Det seier utmarksforvaltar for Stad og Gloppen, Lindis B. Østgård.


Heggjabygda og Leivdalen hjortevald har etter tre vårteljingar i 2020 sett nye rekordar med totalt 724 dyr. Det har vore jamn auke når det gjeld tal dyr på vårteljing dei siste åra trass rekordhøg avskyting, og hjortevaldet har søkt om og har fått innvilga auka løyve for jakta i 2020 med 104 dyr. Løyve blir totalt på 220 dyr for 2020, noko som vil gje eit areal på 344 dekar per løyve.