Kommentar

Elefantar og økonomi

I Fjordabladet 23.06.20 vart kommunepolitikarane kritiserte for ikkje å kommentere og debattere økonomirapporten så langt for 2020.

Så vart det ikkje debatt om økonomiplanen i kommunestyret, kommenterte Fjordabladet. Eg synst ikkje det er så merkeleg på akkurat dette tidspunktet, skriv Marilyn Osmundsvåg, Venstre, i denne kommentaren.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Som folkevalde har vi eit ansvar for heilheita i kommuneøkonomien. Vi skal ivareta innbyggjarane sine interesser, og sørge for at alle får dei tilboda dei har krav på. I tillegg har ein gjerne ei hjartesak, eller ein lovnad i eige partiprogram som er viktig å arbeide mot.


Kommentar

Elefanten i rommet

Det er påfallande at når kommunestyret i Stad får framlagt økonomiske saker av stor betyding for både tilbod og tenester til innbyggarane, så er politikarane tause.


I økonomisakene kommunestyret handsama no i juni, la Kommunedirektøren fram ei samla oversikt over økonomien så langt i år for 2020. Den syner at årsprognosen så langt, er at vi samla sett kjem til å halde den driftsramma kommunestyret vedtok i desember 2019; altså 610 millionar kroner (avvik på 640.000 kroner, eller 0,1%). I budsjettendringssaka er det gjort nøye greie for dei ulike uventa endringane i inntekter og utgifter i samband med koronakrisa. Det er mellom anna ved tapte inntekter for barnehage/sfo, auka lønsmidlar ved skular, utgifter ved luftvegsklinikk, reduksjon i utbyte av eigarskap i selskap, for å nemne noko. Det er rett at det pr. no ligg an til eit overforbruk på løn, men det er også andre postar som trekk i motsett retning, og som enno ikkje er rekna inn, til dømes reduksjon i pensjonsutgifter.

Det er presisert at det eigentlege innsparingskravet ikkje er knytt til koronakrisa. Likevel tenkjer eg at det har vore ein særs krevjande situasjon, og er det enda, for heile kommunen. Det veit vi alle. Dei som jobbar i helse og omsorg, i barnehagar og på skulane, dei som driv med kultur og turisme, dei som jobbar administrativt. Vi kan spørje kven vi vil; ingen har unngått å bli merka av dette – og alle har strekt seg langt for å løyse oppgåvene i ein heilt spesiell unntakstilstand ingen av oss har opplevd tidlegare.

Så vart det ikkje debatt om økonomiplanen i kommunestyret, kommenterte Fjordabladet. Eg synst ikkje det er så merkeleg på akkurat dette tidspunktet. Økonomiplanen for 2020-2023 syner at målet for store prosjekt som ikkje er sjølvfinansierande, ikkje skal ha lånekostnadar som overstig betalte avdrag. Det er eit nøkternt investeringsbudsjett - dei største prosjekta som ligg i budsjettet for 2020 er symjebasseng og garderobar på Selje skule og bustadfelt på Hjelle. Dette er investeringar vedtekne i 2019, og som no er kome med i budsjettet for 2020.

Når det gjeld planane i Selje, er det ei utgreiing ein held på med no. Å seie at ein har ført folk bak lyset her, meiner eg er direkte feil. Alle som har følgt saka, veit at vedtaket frå februar handlar om å greie ut om moglegheitene for ein symjehall i Selje. Vidare at det er skissert ulike alternativ til samarbeid; med privat næringsliv og hotell på den eine sida, og idrettslag og fleirbrukshall på den andre.

Vi har no ein unik sjanse til å sjå desse viktige prosjekta for Selje i samanheng – sjå kva som kan løysast gjennom sambruk og samarbeid. Den prosessen vil halde fram etter sommaren. Då må politikarane ta stilling til kva kan kome ut av det, kva som kan løysast raskt og kva som må leggast inn i planane litt lenger fram i tid. Det er ein ryddig og god måte å legge langsiktige planer for, til beste for Selje-samfunnet og nye Stad kommune.