Sagastad

Eit vindauge inn i vikingtida

På Sagastad kan du oppleve eit av verdas største vikingskip, Myklebustskipet.

MYKLEBUSTSKIPET Vikingskipet ventar på at fleire skal kome innom Sagastad, sjølv om cruiseturistane uteblir i år.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Kunnskapssenteret om vikingtida ligg som ei perle i sjøkanten av Eidsfjorden. Då Sagastad opna dørene i fjor opna dei også eit vindauge til Nordfjord for 1.150 år sidan – inn i vikingtida.

Hovudattraksjonen er det 30 meter lange Myklebustskipet, som tronar majestetisk midt inne i senteret.

Kjenne og føle

Eit besøk i det nye vikingsenteret gjer det også til ei fysisk oppleving: Her kan du gå opp i det store skipet, stå til rors, og kjenne på årane og skjolda. Du kan kike ned i masteholet og undersøkje korleis det ser ut nede i krakkane til roarane.

– Dette skal vere eit kjekt tilbod til publikum, seier dagleg leiar Eli Førde Aarskog.

Sjølv om cruiseturistane uteblir i år som følgje av koronapandemien, har ho stor tru på at Sagastad vil tiltrekkje seg interesserte no når nordmenn skal ha Norgesferie.

– Området vårt kjem til å kome sterkt ut og eg trur vi kjem godt ut av det, seier ho.

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Fleire trekkplaster

Førde Aarskog viser til fleire trekkplaster i nærområdet, som Loen Skylift, Hjørundfjorden og Geiranger. Dei er så nær at ein kan nyte godt av kvarandre, meiner ho.

– Stad-knappen er eit døme på samarbeid i området, fortel ho. Gjennom samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og Klosterbåten/Selja kloster håper dei folk vil finne feriekjensla, og oppleve fleire av dei lokale attraksjonane.

– Alt heng saman, seier ho.

Sagastad-søndagen

Sagastad har ope kvar dag gjennom sommaren, og har no også starta med Sagastad-søndagen.

– Vi skal ha ope kvar søndag, og kvar søndag får også sitt eige program, seier ho.

No kan ein også kjøpe fellesbillett mellom Sagastad og Hamna for familiar der barna går gratis.

– Vi synest kombinasjonen besøk på Sagastad og ekte vikingskip same dag, som å klatre i vikingskip i klatrerommet på Hamna, er ein fin pakke. Dei litt større borna kan besøk buldrerommet og dei vaksne kan kanskje trene, oppfordrar ho.

– Dette vil vere eit godt innandørs tilbod for familiar i ferien, seier Førde Aarskog, og viser til at det nok blir ein og annan regnversdag i sommar, og då kan det vere fint med innandørsaktivitetar.

Målet er å få alt som skjer på søndagane inn under ein felles paraply: Eit ope Hamna, at du kan ete på kinarestauranten eller på Aske, eit ope fjordhestsenteret, eller at du kan gå på kino.

Ho påpeikar at turen til Nordfjordeid blir endå meir aktuell om Sagastad er kopla til det andre som skjer på staden.

Aktuelt og interessant

– Målet er å gjere Sagastad aktuelt og interessant for fleire, ikkje berre for ei lita gruppe. Dette er endå viktigare no når vi ikkje har cruiseturistane, seier Førde Aarskog.

Ho garanterer at folk vil oppleve mykje kjekke ting på Sagastad.

– Vi skal også bake inn fleire ting som dei med årskort vil få halv pris på, fortel ho.

Ho trur på ideen om eit Sagastadakademi, som er tenkt å vere som eit litteraturhus i byane.

– Vi skal ha faste foredragshaldarar. Det kan vere om norrøn mytologi, politikk, samfunnsutvikling og mat og helse. Dette ønskjer vi å få til minst ein gong i månaden, fortel ho.