Seljumannamesse med antibac og avstand mellom benkane

Det blir Seljumannamesse

Trass korona og restriksjonar blir det Seljumannamesse, ved Selje kloster søndag 5. juli. Årets predikant blir Asbjørn Gjengedal.

På dette arkivbildet var dronning Sonja til stades og mykje folk under gudstenesta. I år blir det ei annleis Seljumannamesse på grunn av smittevernreglar. Men arrangørane har likevel jobba for at det blir messe på øya Selja også i år, om enn med større avstand mellom publikum. 

Nyhende

Det blir Seljumannamesse – også i koronaens tid!

Vi får feire gudsteneste – med nattverd – om enn med nødvendig avstand og smittevernplan på øya Selja søndag 5. juli.

Årets predikant er heile Nordfjord sin eigen Asbjørn Magne Gjengedal. Det blir messingkvintett og forsongarkor under leiing av Jon Inge Sigerland. Vil du vere med i forsongarkoret; gje organist Jon Inge Sigerland eller sokneprest Eli-Johanne Rønnekleiv ei melding.

Seks prestar

Medverkande prestar elles er Beate Folkestad Osdal (sokneprest i Nord-Vågsøy og Totland); Hege Høibye (sokneprest i Nordsida og Randabygd); Knut Gjengedal (prostiprest i Nordfjord); Mecky Wohlenberg (sokneprest i Sannidal); Ola Døhl (sokneprest i Vanylven) og Eli-Johanne Rønnekleiv (sokneprest i Ervik, Leikanger og Selje). Det blir også konsert med lokale aktørar i Selje kyrkje laurdag 4. juli.

I år brukar vi berre Klosterbåten sine båtar til reisa. Båtane ligg inst i Seljevågen. Frå Bø er det ca. 1/2 time vandring til Klosteret. Er det vanskeleg å gå – bestill båtbillett til Klostervågen.

Båtane vil gå i skytteltrafikk frå morgonen og returane vil gå utover ettermiddagen ei stund.

Avgrensa område

Vi avgrensar området der gudstenesta skal føregå. Ved «inngangane» vil du møte venlege menneske i refleksvest som skal registrere deg med namn og telefonnummer – gje deg ein dose antibac og programheftet for gudstenesta.

Vi vil setje opp dei benkane vi har med rett avstand – og ber om at dei som mest treng å få sitje, brukar dei.

Det blir feira nattverd etter gjeldande smittevernforskrifter – vi held avstand i køen og vi nyttar særkalkar eller eingongsbeger. Vi arbeider med å få med vakter frå Røde Kors.

Ope pilegrimssenter

Selje pilegrimssenter (1. etasje i kommunehuset) vil ha ope Kloster- og Sunnivautstillinga etter gudstenesta ute på klosteret om søndagen. Der vil det bli omvising og orientering.

Stadt naturguiding arrangerer guida turar. Kafe Selja-stova og Doktorgarden held ope både laurdag og søndag.