Arrangerer gratis aktivitetskveld for ungdom på Hamna

Fredag vert det arrangert gratis aktivitetskveld for ungdom frå 13 til 19 år på Hamna Aktivitet og Helse.

AKTIVITET: Fredag vert det aktivitetskveld for ungdommar på Hamna Aktivitet og Helse.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

– Dette vert spennande, for no tar vi og gjere ein ny fri der vi prøvar å aktivisere ungdommen på ein litt annan måte enn det som har blitt gjort tidlegare, seier Arild Vonheim, i Stad kommune.

Fredag kveld arrangerer Stad kommune sin første aktivitetskveld for ungdom mellom 13 og 19 år på Hamna Aktivitet og Helse. Dette er ifølgje Vonheim ei gruppe som har blitt hardt råka av koronapandemien, og har gjennom dei siste månadane mista mykje sosialt samvær og fritidstilbod.

Under arrangementet på Hamna fredag kveld er det aktivitetar som buldring, yoga og sosialt samvær som står på plakaten. Det vert også pizza til ungdommen, ifølgje Vonheim.

– No på fredag har vi buldring der Hamna stiller med instruktør. Då vert det ei enkel innføring i buldring. Vi har også booka yoga, der vert det enkle øvingar og ein kan få moglegheit til å teste det ut, fortel han.

– Arrangementet er sjølvsagt hundre prosent rusfritt, så om nokre kjem rusa, så slepp dei ikkje inn, legg han til.

For dei som ikkje bur i sentrum, er det også laga til ei transportordning.

– Dette gjer at vi kan få med dei som bur utanfor sentrum også, seier Vonheim.