Vil ha omkamp om avstandsrestriksjonar

Norske kulturhus meiner restriksjonane frå Folkehelseinstituttet (FHI) om avstand i sal får store konsekvensar for konsert- og kulturhus om dei blir ståande.

Norske kulturhus ønskjer omkamp om avstandsrestriksjonane i sal. Her frå Olavshallen i Trondheim.  Foto: Ole Martin Wold

Nyhende

FHI kom torsdag 18. juni med nye nasjonale reglar for avstandsrestriksjonar for arrangement. Der står det presisert at det må vere éin meters avstand frå skulder til skulder på stader der ein sit ved sida av kvarandre.