Vest politidistrikt tar tak i ukultur og seksuell trakassering

Ei intern gransking i Vest politidistrikt har avdekka fleire tilfelle av seksuell trakassering eller manglande rolleforståing som leiar.

– Openheit om og oppfølging av rapporten er det viktigaste eg gjer no. Det skal ikkje vere tvil om at eg meiner alvor når eg seier det er nulltoleranse for seksuell trakassering i Vest politidistrikt, seier politimeister Kaare Songstad.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

– Vårt største problem er at for få tør å si ifrå når dei blir utsett for negative opplevingar. Dette skal vi endre, seier politimeister Kaare Songstad i ei pressemelding.

Vest politidistrikt si interne undersøkingsgruppe har sidan april jobba fulltid etter påstandar om ukultur og tilfelle av seksuell trakassering i politidistriktet. Totalt er 62 personar intervjua om temaet.

– De aller fleste som blei intervjuet har ikkje opplevd noko innanfor kategorien seksuell trakassering. Men rapporten slår fast at vi har utfordringar i Vest politidistrikt. Vi har fått informasjon om enkeltsaker som nå følgast opp. Og så har vi garantert hendingar vi ikkje veit om fordi vi har ein kultur som gjer at enkelte ikkje tør å seie ifrå. Her krevst det endring, seier Songstad som er

stolt og glad for at så mange tilsette endeleg har valt å fortelje om sine opplevingar og inntrykk rundt eit vanskeleg tema.

Oppfordra tilsette til å seie ifrå

Vinteren 2020 skreiv fleire media om ukultur i Vest politidistrikt etter at to forskarar som hadde intervjua tilsette i politidistriktet gjekk ut og fortalde om uheldig kultur knytt til dei operative miljøa. Saka fekk stor merksemd internt og Songstad oppfordra gjentatte gonger tilsette som hadde opplevd negative hendingar om å si ifrå.

I årets medarbeidarundersøking svarte 1,6 prosent av dei tilsette at dei har vore utsett for uønskt seksuell merksemd dei siste 12 månadane. Av desse sa 4 av 5 at dei ikkje har sagt ifrå.

Undersøkingsgruppa sin rapport, som blei overlevert politimeisteren 11. juni, omtaler ikkje konkrete enkeltsaker og desse blir følgt opp med dei det gjeld og deira sine leiarar. Sakene involverer åtte menn, der sju er i ulike leiarposisjonar. Rapporten har hovudfokus på organisasjonskultur og kviforså få vel å seie ifrå.

Nulltoleranse

Gjennom samtaler med de tilsette får undersøkingsgruppa omskrive tidvis lukka prosessar og at tilsynelatande ugrunna avgjerder fører til rykte, utryggleik og frykt for å stikke seg fram negativt. Blir ein utsett for negative opplevingar som seksuell trakassering, vel mange å ikkje seie ifrå.

– Openheit om og oppfølging av rapporten er det viktigaste eg gjer no. Det skal ikkje vere tvil om at eg meiner alvor når eg seier det er nulltoleranse for seksuell trakassering i Vest politidistrikt. Derfor vel eg å gå opent ut med funna som er kome fram, seier politimeisteren.

Undersøkingsgruppa har ikkje funne støtte for påstandane dei to forskarane har retta mot UEH-miljøet i Godvik i vinter. Politimeisteren trur utfordringane er ekstra store på politihuset i Bergen, uavhengig av organisatorisk tilknytning.

- Videre trur eg det handlar om deler av politi- og leiingskulturen og er gjeldande fleire stader i politidistriktet. Det er veldig mykje som er bra, men enkelte deler av vår kultur må vi sjå på i eit nytt lys. Så her må vi må jobbe breitt, seier Songstad.

11 tilrådingar

Undersøkingsgruppa kjem med 11 konkrete tilrådingar for arbeidet med ukultur og seksuell trakassering. Førre veke blei rapporten lagt fram for toppleiinga, fagforeiningar og hovudverneombod.

– Vi er einige om å samarbeide tett om oppfølginga av rapporten. I tillegg har AMU sett ned eit eige underutval for å følgje opp saken. Tiltaka skal være synlege og skje i full openheit. Det er kva vi gjer videre no som tel, seier Songstad.