Sjå bilda:

Slik vart jonsok feira

Tysdag var det jonsok, og fleire feira med bål og grilling rundt om i Stad kommune.

Tysdag vart jonsok feira rundt om i Stad kommune. Her frå feiringa på Nordfjordeid.  

Nyhende

Rundt om i Stad kommune vart jonsok markert med bål, grilling, surfing og bading. På Nordfjordeid var det fleire bål, mellom anna hadde ein gjeng samla seg ved elvebreidda, som ligg ved båthamna.


─ Den finaste plassen på Eid

─ Vi kan vel seie at det langt på veg har blitt ein tradisjon å feire jonsok med grilling,  bål og alt som høyrer til  ved elvebreidda ved båthamna på Sørøyrane, seier Jarle Pedersen.


På Erviksanden i Ervik var det god stemning frå jonsokbålet. Der var det grilling, bading og surfing i lett duskregn. Rundt 100 personar skal ha møtt opp på Erviksanden, der mange av dei var familiar, og sat rundt om på stranda og naut kvelden.

Det er melde om god stemning frå jonsokbålet på Erviksanden, som ligg ytst ute ved havgapet.  Foto: Privat

Surfar Lars Monsen, som er busett på Ferstad rett før Ervika, var også på plass.   Foto: Privat

Ved Ervik var der eit flott bål på stranda.   Foto: Privat

Det var ein god del folk under feiringa i Ervik.   Foto: Privat

Det var både grilling, bading og surfing i lett dusk-regn då jonsok vart feira.   Foto: Privat