Har brukt tida på å oppgradere treningssenteret

Hamna Aktivitet og Helse har brukt månadane godt, trass i at dei har måtte halde dørene stengde grunna koronapandemien.

BRUKT TIDA GODT: Hamna Aktivitet og Helse har halde dørene stengt dei siste månadane grunna koronaviruset. Dei har likevel fått brukt tida godt, og no er nye ruter i buldreveggen på plass.  Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Grunna koronapandemien har Hamna Aktivitet og Helse, inkludert andre treningssenter rundt om i landet, hatt stengde dører sidan mars. 15. juni opna dei dørene, med ein del forandringar og sjølvsagt ein god del reinhald og vasking. Det har dei sett fram mot lenge.

– Vi er veldig klar, fortel Torbjørn Ruud Hagen, klatreansvarleg og administrerande leiar på Hamna berre nokre få dagar før gjenopninga av senteret.

Oppgradering

Trass i at dei har måtte halde stengt, har dei ifølgje Hagen brukt tida godt dei siste månadane.

– Dei siste månadane har vi jobba med oppgradering og ferdigstille det som ikkje har vore ferdig. Vi har også laga til nye ruter i buldreveggen, så det er klart når vi opnar 15. juni, seier Hagen.

NYTT: Det er laga til meir plass til eigentrening på Hamna Aktivitet og Helse.  Foto: OLIN MARIA YRI

Takksame

Noko av det som har gjort det mogleg å halde fram med tilbodet dei har når dei opnar, er ifølgje Hagen medlemmane på Hamna.

– Vi må takke alle medlemmane som har valt å betale trass i at vi ikkje har hatt ope. Det gjer at vi kan halde fram med det tilbodet vi har no når vi opnar. Dette er viktig for oss og vi set veldig stor pris på det, fortel Hagen.