BMO

Elektrobedrift i framgang

Det siste året har eidarane kunne observere BMO i ferd med å skifte lampane på veglysa til ledlampar.

VIKTIG ARBEIDSREISKAP: Per Rune Hildenes jobbar med prosjektering no. Andre jobbar med liften og utskifting av gamle veglampar.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

BMO er ei ganske ny bedrift som har etablert seg på Nordfjordeid. Dei har i dag sju tilsette og har kontor og lager på det gamle slakteriområdet. Per Rune Hildenes er anleggsleiar for område Fjordane. Han har tidlegare jobba i Eid Elektro og Mesta.