Kontroll på Kjøs

Eit køyretøy vart avskilta

Natt til torsdag gjennomførte Statens vegvesen kontroll på Kjøs. 52 bilar var innom kontrollstasjonen.

Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Under ein tungbil- og latsebilkontroll Statens vegvesen hadde på Kjøs natt til torsdag vart eit køyretøy avskilta på grunn av manglande oppfølging av kontrollseddel. Køyretøyet hadde fått ein mangel som skulle etterkontrollerast og godkjennast.

Ein sjåfør fekk mangel på lastsikringsutstyr for innfesting av container og må på verkstad for å reparere dette.

Ein bilførar vart innhenta då han ikkje stoppa for kontroll. han fekk ein åtvaring for dette. i tillegg måtte han rydde frontruta si før han fekk forlate kontrollplassen. Lastebilen var utstyrt med eit bord på dashbordet. Dette er ikkje lovleg, og måtte fjernast.