Desse har laga nasjonal konkurranse

Inspirert av spelet Hayday, Farmen og 4H har Kristina Håvik, Hedda Hugvik og Simen Aabrekk laga den nasjonale konkurransen Familiefarmen i håp om å inspirere fleire til å dyrke sin eigen mat.

FAMILIEFARMEN: Simen Aabrekk, Kristina Håvik og Hedda Hugvik har brukt koronatida godt, og har dei siste månadane brukt tida på å lage den nasjonale konkurransen Familiefarmen.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

– Eg har skrive nokre forteljingar som Familiefarmen er basert på. Ideen var så god at vi ville gjere det på ekte. No sit vi her. Litt meir modige enn for tre månadar sidan, fortel Simen Aabrekk som saman med Kristina Håvik og Hedda Hugvik står bak den nasjonale konkurransen Familiefarmen.