UT I NATUREN: Vegard Kvernevik, Petter Sætremyr, Atle Henden, Eline Gjærland Henden, Kewie Lam, Chrysanthi Prekas og Simon Garshol deltok på årets første klatrekurs arrangert av Hamna Aktivitet og Helse. Instruktørar: Endre Vonheim og Torbjørn Ruud Hagen.   Foto: Olin Maria Yri

Hamna Aktivitet og Helse

Barn og vaksne klatrar til topps både inne og ute i naturen

Etter at Hamna Aktivitet og Helse opna dørene har interessa for klatring, både inne og ute, auka i Nordfjord. No satsar dei endå meir på klatring i naturen.

– Eg har forelska meg heilt i klatring, fortel Chrysanthi Prekas, som er tilsett ved Hamna Aktivitet og Helse og ivrig klatrar på fritida. Saman med Vegard Kvernevik, Petter Sætremyr, Atle Henden, Eline Gjærland Henden, Kewie Lam og Simon Garshol, er Chrysanthi i klatreveggen ved Sageflåten, ein stad som er laga til for sportsklatring. Det er den første helga i juni og dei sju deltakarane og to instruktørane Endre Vonheim og Torbjørn Ruud Hagen er på plass på det første klatrekurset ute dette året i regi av Hamna Aktivitet og Helse. Deltakarane på kurset har variert erfaring med klatring ute i naturen, og medan dette er første gong for Chrysanthi, har Eline klatra ute ein del tidlegare.

– Det er litt meir fritt ute i naturen. Inne er det ofte løyper og andre hinder, medan ute er det fjellveggen som bestemmer, fortel dei.

FRI: Når ein er ute å klatrar i naturen, er det fjellveggen som bestemmer ruta.  Foto: OLIN MARIA YRI

Klatring i utvikling

Hausten 2019 opna Hamna dørene til det nye senteret med buldrevegg og eigen vikingkrigaravdeling for barn. Etter at dei opna dørene, har interessa for klatring auka og miljøet på Nordfjordeid har blitt større på berre få månadar, ifølgje Torbjørn Ruud Hagen, klatreansvarleg og administrerande leiar på Hamna.

– Det har absolutt blitt meir populært, konstaterer han.

I og med at klatring vert større, er det laga til fleire klatrefelt i Nordfjord og fleire er stadig i utvikling. I tillegg til buldreveggen på Hamna, sportsklatringa ved Sageflåten og i Trivselshagen, er det også laga til klatreruter på Haus. Dette arbeidet vert gjort på dugnad, men på sikt er det aktuelt å ha klatrekurs der også. Det er også noko på gong i nærleiken av Måløy, ifølgje Hagen. I tillegg har Gloppen klatreklubb fått midlar til utviklinga av sporten.

– Gloppen klatreklubb har fått godkjent ein søknad frå Sparebanken Vest til å utvikle klatrefelt. Så då vert det noko i Gloppen og noko i Stad kommune. Dette er viktig for utviklinga, fortel han.

INSTRUKTØRAR: Endre Vonheim og Torbjørn Ruud Hagen var instruktørar på klatrekurset.  Foto: Olin Maria Yri

Ein familieaktivitet

I tillegg til klatrekurset ved Sageflåten i starten av juni, vert det ifølgje Hagen fleire slike kurs ute i sommar. Hamna ønskjer nemleg at fleire skal klatre ute i naturen.

– Eg tenkjer at inneklatring er trening, medan uteklatring er eventyret og hovudklatringa. Vi ønskjer at fleire klatrar meir ute og har det som ein familieaktivitet. Vi håpar på fleire familiefelt i Stad kommune. Det er mange som trur at klatring berre er for spreke og for dei som er i glad i fjellet, men dette er for folk i alle aldrar. Det er ein veldig fin familieaktivitet ettersom både barn og vaksne kan ha det kjekt saman, utan at det er til hinder at ein er liten eller stor, gamal eller ung, fortel han.

– To av dei som er på dette klatrekurset, Atle og Eline, er far og dotter og dei klatrar saman. Det er ein idrett dei kan gjere saman. I tillegg kjem dei seg ut. Det er også viktig, legg han til.

FLEIRE: Klatrekurset ved Sageflåten var det første kurset ute for i år, men no satsar Hamna Aktivitet og Helse på endå fleire klatrekurs i naturen i sommar.  Foto: OLIN MARIA YRI

Klatring i sommar

Både Chrysanthi og Eline tykkjer det er kjekt å kome seg ut i naturen og i klatreveggen. I sommar har dei planar om å klatre meir saman med familie, og då vert det både klatring inne og ute. Eline har planar om å klatre på Bladet, medan Chrysanthi tek sikte på å klatre både i Nordfjord og rundt om på Norgesferie.

– Eg kan anbefale å bruke helgene på klatring. Eg tykkjer det er heilt fantastisk å ha ein slik aktivitet å drive med på fritida. Det er eit skikkeleg bra miljø, seier Chrysanthi.

KONSENTRERT: Deltakarane på kurset følgde godt med då instruktørane lærte vekk viktig kunnskap når det gjeld å klatre trygt i fjellveggen. .  Foto: OLIN MARIA YRI