Meiningar

Å skrive ei ny historie om Okla-vindkraftverk

Dei fleste kjenner historia om korleis det gjekk når bukken vart sett til å passe havresekken. Det gjekk som det måtte gå, freistnaden vart for stor for bukken, og det endte med at han åt opp alt saman. Symbolikken er enkel; nokre historier kan vi med stort sannsyn førespegle utgangen på, allereie i forkant.

Det skjedde mykje kring vindkraft og «Okla» førre veke.Teksten er skriven for å kaste lys over vedtaket på Stortinget 19 juni – og kva konsekvensar dette kan få for omstridte Okla vindkraftverk på Stadlandet, skriv Wenche Hovlid Sortvik.   Foto: Bård Inge Fløde

Nyhende

Ein kan få visse assosiasjonar til nettopp «bukken og havresekken», når ein tenkjer på dei aktuelle politiske hendingar knytt til omstridde vindkraftkonsesjonar nett no. Fredag 19 juni er rett nok ein dag som vi kan sjå tilbake på som ein merkjedag for ei byrjande haldningsendring i norsk politikk vedrørande vindkraftutbygging i Noreg. Vedtaket som vart fatta i Stortinget, opnar for at omstridde konsesjonar som ikkje er påbyrja skal inn til ny gjennomgang. Vi må forstå det slik, at også Okla-konsesjonen på Stadlandet skal inn til ny vurdering. Likevel er det vesentlege skilnader mellom framlegget SV reiste, og ordlyden i vedtaket som vart gjort. SV sitt framlegg gjekk ut på å avdekke manglar i utgreiingane, og å ta omsyn til ny og viktig kunnskap om naturen i utbyggingsområda. Framlegget sette krav om ny konsekvensutgreiing i prosjekt som ikkje er påstarta, og ber regjeringa om å stogge utbyggingar der konsesjon kan vere gitt på feil eller mangelfullt grunnlag. Bakgrunnen for framlegget viser til at Miljødirektoratet allereie i 2015 kom med sterk kritikk av sakshandsaminga til NVE i konsesjonsvurderingane.

SV fremjer altså eit framlegg der naturen står i sentrum, og miljøfaglege vurderingar skal vektleggast i mykje større grad. Vedtaket som vart endeleg fatta, set derimot Energilova i høgsetet. OED og NVE sine posisjonar vert verna om. Og det framkallar uro! For kva vil skje dersom NVE og OED skal kontrollere vedtak som dei sjølve har godkjent som lovlege? Kva vil då motivet for dei nye gjennomgangane bli? Å avsløre manglar i kunnskapsgrunnlaget gjeldande natur, økosystem, artsmangfald og landskapsverdiar? Eller lene seg på gamal kunnskap – og å forsvare dei avgjerdene som eingong vart gjort for å rettferdiggjere konsesjon, i fylgje Energilova og Forvaltingslova?

Symbolikken kring «bukken og havresekken» har allereie utspelt seg gjeldande Okla-saka. Ved ny gjennomgang av konsesjonen i januar 2020, kunne vi med vonbrot erfare at NVE ikkje tok klager og det solide kunnskapsgrunnlaget vedlagt saka, til fylgje. NVE kunne ikkje sjå at konsesjonen var gitt på feil og mangelfullt grunnlag. Vedtaket stod ved lag, og det vart vidare gitt grønt lys av OED 24 mars.

NVE og OED «såg» altså ikkje at konsesjonsområdet for «Okla» er prioritert som kystnatur av høg nasjonal verdi og at vindkraftverket planleggast i eit område som ligg i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Dei kunne ikkje sjå den særprega artsrikdomen dette vil berøre, og at «Okla» er planlagd i eit INON-område (inngrepsfritt, samanhengande naturområde) som må verdsetjast høgt i høve nasjonale miljømål og internasjonale avtalar. Dei såg framleis ikkje motsegnene fleire høyringsinstansar har kome med. Ikkje dei vitskaplege arbeida som vart forkasta, mellom anna ornitologiske rapportar frå sterke fagmiljø, trass i at området har trekkruter for ei rekkje raudlista fugleartar. Og dei kunne ikkje sjå at ei realisering av «Okla» vil stride mot lovverk og internasjonale konvensjonar som burde stå høgt hjå statlege styringsorgan.

For oss finst det inga annan forklaring, enn at NVE og OED vil halde fast på gamle avgjerder, gjort på eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag, istadenfor å gje rom for ny kunnskap om natur og landskapsverdiar på Stadfjellet. Gjennom si konsesjonsgodkjenning – og oppretthalding av denne – viser energimyndighetene eit totalt fråver av fagleghet i høve andre sektorinteresser enn nettopp energiproduksjon.

Dersom ny gjennomgang av konsesjonar som er gitt for ei årrekkje sidan, slik som konsesjonen til Okla vindkraftverk, skal ha noko føre seg, må eit miljøfagleg grunnlag som gjev eit korrekt bilete av naturverdiane leggast til grunn! Og - det må takast omsyn til nytt kunnskapsgrunnlag som vedrører biologisk mangfald, landskapsverdiar og folkehelse. Ny konsekvensutgreiing må finne stad! Ellers vil ikkje ny gjennomgang av konsesjonar ha særleg praktisk tyding.

I all larmen kring vindkraftutbygginga, ligg enno Stadhalvøya der urørt, med sin unike natur og sine utdøyingstrua artar. Med si sagnomsuste historie og si løyndomsfullhet, i storm og stille. Ein spektakulær stad, der all fornuft tilseier at industri aldri skulle vore planlagd i utgangspunktet. Og likevel vart vedtak om å byggje eit vindkraftverk med minimal energivinst fatta. Eit solid kunnskapgrunnlag som viser natur, kultur og landskapsverdiane er dokumentert. Verdiar som aldri kan sameinast med industriutbygging. Ingen klager er likevel blitt tatt omsyn til…..

Vil vedtaket Stortinget fatta 19 juni føre til at ei ny historie kan skrivast kring vindkraftkonsesjonar som er gitt på feil og mangelfullt grunnlag, slik som Okla-konsesjonen? Ei ny historie som gjev rom for klokskap, og som verdset verdiane ved eit landskap, eit naturmangfald og ei kulturhistorie som har stor tyding i landet vårt. Vil regjeringa nytte dette høvet til å gje retningsgjevande signal, som syner tydinga av å vere etterretteleg i kunnskapsgrunnlaget ved framtidige utbyggingsprosjekt? Vil dei vise at dei har evne og kunnskap til å setje den spektakulære og eineståande naturen på Stadfjellet fyrst?

Eller - vil det verte den same gamle historia - som ender slik som det gjorde med bukken og havresekken?