Utanlandsk vogntog fekk 7400 kroner i gebyr

Statens vegvesen hadde natt til tysdag ein kontroll på Kjøs der både tungbilar og lette køyretøy var i fokus.

KONTROLL: Under kontrollen på Kjøs natt til tysdag vart det både gebyr, bruksforbod og ulovleg bord på dashbordet.  

Ein sjåfør måtte sette igjen gravemaskina si etter at transporten som vart brukt ikkje var eigna.   Foto: Statens vegvesen

Ein lastebil hadde bord på dashbordet, som er ulovleg og måtte fjerne dette.   Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Under kontrollen på Kjøs natt til tysdag var 104 tungbilar inne på kontrollplassen, medan elleve vart kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen hadde eit utanlandsk vogntog 2400 kilo for høg aksellast på semitraileren, og firmaet måtte betale 7400 kroner i gebyr. Sjåfør hadde ikkje moglegheit til å betale gebyret på staden, og det vart difor sett ein hjullås på køyretøyet til gebyret vert betalt.

I tillegg måtte ein sjåfør sette igjen ei gravemaskin då køyretøyet han brukte ikkje var eigna for transport for dette. Gravemaskina kunne ikkje sikrast i samsvar med gjeldande krav, og maskina var heller ikkje innanfor gjeldande krav til vekt og dimensjon. Det vart difor eit bruksforbod for transporten, og gravemaskina må transporterast vidare på eit køyretøy som er eigna.

Det var også ein sjåfør som måtte rydde i frontruta før vidare køyring. Lastebilen var utstyrt med eit bord på dashbordet, noko som ifølgje Statens vegvesen ikkje er lovleg og måtte difor fjernast.