Ordførarar skuffa over vindkraftmelding

Både KS og fleire vindkraftkommunar reagerer negativt på stortingsmeldinga om vindkraft på land, som blei lagt fram før helga. Fleire ordførarar er kritiske og vil no jobbe inn mot Stortinget og NVE for å få plan- og byggingslova til å vere styrande i vindkraftsaker.

Både KS og fleire vindkraftkommunar reagerer negativt på stortingsmeldinga om vindkraft på land, som blei lagt fram før helga. Fleire ordførarar er kritiske og vil no jobbe inn mot Stortinget og NVE for å få plan- og byggingslova til å vere styrande i vindkraftsaker.  Foto: Terje Pedersen

Nyhende

Det var fredag at olje- og energiminister Tina Bru la fram stortingsmeldinga om vindkraft på land. Allereie same dag kom det sterke reaksjonar på manglande forslag om lovendring kring arealbruk i vindkraftsaker. Mellom anna har mange meint at energilova ikkje kan vere styrande i behandlinga av vindkraftsaker.