Vestland fylkeskommune med

16,5 millionar kroner i støtte til innovasjon og næringsutvikling

Både Måløy Vekst AS og Stad Vekst AS er på lista over prosjekt som har fått støtte til innovasjon og næringsutvikling.

Stad Vekst AS og samarbeidspartnarane får 918.000 kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune til eit prosjekt dei har kalla Ytre Nordfjord som regional modell for berekraft og innovasjon i kulturbasert kystreiseliv.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Stad Vekst AS sitt prosjekt handlar om Ytre Nordfjord som regional modell for berekraft og innovasjon i kulturbasert kystreiseliv. I Måløy får ein støtte til eit treårig utviklings- og samfunnsprosjekt som dei har kalla «SmartBy Måløy».