─ Den finaste plassen på Eid

─ Vi kan vel seie at det langt på veg har blitt ein tradisjon å feire jonsok med grilling,  bål og alt som høyrer til  ved elvebreidda ved båthamna på Sørøyrane, seier Jarle Pedersen.

Det har blitt ein tradisjon for familien Pedersen å feire Jonsok på elvebreidda ved småbåthamna på Sørøyrane. Med ryggen til frå venstre: Kari, Kjersti og Jarle. På andre sida av bordet frå venstre Finn og Kristoffer.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Bålet vart tent nesten på slaget klokka åtte på kvelden. Tørr hun frå Bakke sag var sett opp flott i ein pyramide, før det vart tent. For å vere på den absolutt trygge sida hadde Jarle og familien også med seg ein lang hageslange, som i dette tilfelle fungerte som brannslange, om det skulle vise seg naudsynt.