Gjekk til topps under Hyenstemnet

I helga gjekk Hyenstemnet av stabelen, og blant skyttarane som gjorde det godt var Bendik Stokland.

SIGER: Bendik Stokland gjekk til topps i klasse eldre junior både under Hyenstemne og Haugenstemna denne helga.   Foto: Magne Nesheim (arkiv)

Nyhende

Laurdag og søndag var det banesesongopning i Hyen, då Hyenstemnet Bane 2020 vart arrangert. Bendik Stokland (Stadlandet) gjorde det godt og tok førsteplassen i klasse eldre junior, 18 år. Leiv Reksten (Nordbygda og Rand) gjekk også til topps i klasse veteran 55.