Var rusmisbrukar i 28 år - no syklar han Norge på langs

Det er ikkje alle som har vore rusmisbrukarar i 28 år som syklar Norge på langs. Torgeir Larsen derimot, er i gong med sitt andre forsøk på å nå Nordkapp. På vegen møtte han familien i Hennebygda.

PÅ TUR: Torgeir Larsen, som har vore rusfri i tolv år, syklar Norge på langs i desse tider. På veg til Nordkapp stoppa han denne veka i Hennebygda for å møte familien, og i nokre dagar byte han ut sykkelsetet med bilsetet for å oppleve det Nordfjord har å by på.  Foto: Olin Maria Yri

På cella drøymde eg om ein gong å sykle i Norge.

Nyhende

– Eg sykla gjennom her i 2011 også, men då visste eg ikkje at familiegarden berre var eit steinkast unna og overnatta på Sandane, fortel Torgeir Larsen frå Larvik, som no har vore rusfri i over tolv år.